Når dyret ditt fortener det beste

Veterinær Slettebø AS er ein dyreklinikk på Heiane, Stord, driven av veterinær Johannes Slettebø. Me tar inn pasientar på timebestilling

Har dyret ditt teikn på sjukdom (smerter, kløe, halt, slakk m.m) er det fint om du tar kontakt så snart som mulig. Rask behandling er viktig for at dyret skal få minst mulig smerter og ubehag, og aukar sjansen for eit godt resultat.

Dyr som har kronisk sjukdom må også til sjekk for å få optimal behandling og best mulig livskvalitet, helst 2 gonger årleg for kontroll, justering av medisindose m.m. Det gjeld og eldre dyr, ettersom sjukdom kan utvikla seg berre i løpet av veker og månader.

Me legg vekt på at opphaldet på dyreklinikken skal gje minst mulig stress og angst hos dyret.

Dyr som skal til operasjon eller andre større inngrep, kan leverast om morgonen og hentast til avtalt tid om ettermiddagen.

Klinikken vår ligg like ved Plantasjen og Hageland, og har gode parkeringstilhøve.

Veterinær Slettebø AS driv også hestepraksis. I hovudsak er det på ettermiddag/kveldstid. Timebestilling for hestepraksis på telefon 92223147.

Når dyret ditt fortener det beste

Akutte ting tar me oss av så snart me kan. Akutt-tilfelle kveld/natt/helg går via vakttelefon 53 40 00 03. Det er då ein veterinær i Bømlo, Fitjar eller Stord som har vakt.

logoBestill time

Ved timebestilling, ring 53 22 23 30